Misjon
Fleire skal kunne henge med.
Målet er at politiske saker skal vere mogleg å følgje utan å kjenne alle dokumenttypane, komiteane og voteringane frå før.
Ei sak skal kunne lesast raskt, men òg etterprøvast. Difor peikar forklaringar, partiposisjonar og voteringar tilbake til originalkjelder.
Visjon
Ein stad for oversikt, ikkje støy.
Eg ønskjer at Politikkradar skal bli ein stad der du kan sjå kva som faktisk skjer i politikken: kva saka handlar om, kva det betyr for deg, kvar ho er i prosessen, og kva partia meiner.
Det skal ikkje vere ei kommentarside, ei kampanjeplattform eller ei rangering av kven som har rett. Det skal vere ein stad å forstå meir.
Status
Der vi er no.
Politikkradar dekkjer Stortinget nasjonalt og Malvik kommune i full djupn: saker, møte, voteringar og video frå kommunestyret. Eg er sjølv folkevald i Malvik, så verktøyet er bygd tett på behovet det skal dekkje.
Vi har eigne nivå for partigrupper og redaksjonar. Nye kommunar blir kopla på etter interesse - meld interesse for kommunen din. Korleis innhald blir laga, merkt og halde tilbake står i kvalitet og personvern.